Urterier

Urterier

Bloggen

Tanken bak denne bloggen er å visa litt av kva ungane holder på med om dagane og litt av kva eg liker å holde på med. Dei to tinga går litt i sammen, når min hobby er foto. Det er to kategorier her. Den eine viser litt forskjelligt av mine bilder. Den andre viser ungane og det dei holder på med. Eg blir veldig glad for kommentarer både til bilder og unger.

Ein heilt vanlig dag.

Ungane sin kvardagPosted by Camilla Sat, February 14, 2009 21:41:53
Ein heilt vanlig dag her i heimen.

Først var det smykkelaging som sto på planen.

Kva holder du på med ?


Det har vist gått litt i ball for lille tulla


Djup konsentrasjon





Og så gjekk me ut







Foringstid. Tulla syntes appelsin var kjempegodt, så ho tygde for harde livet, svelgte og gapte for å få meir.

"Mamma, ta bilde av meg og !"


Slik satt Tulla og gapte smiley

Så ville mellomste ake. Og då er storebror god å ha. Han ordna med akebrettet, holdt det mens ho satte seg på og skubba ho forsiktig i gong. Før han satte seg på rompa og akte etter. Han måtte jo hjelpe ho med å dra akebrettet opp igjen.














  • Comments(1)http://urterier.det-rare.no/#post23

Nokre bilder av eldstemann

Mine bilderPosted by Camilla Tue, February 03, 2009 14:36:10
Måtte leike meg litt med kameraet i dag og. Denne gongen var det eldstemann som var modell.

Rampen sjølv






  • Comments(0)http://urterier.det-rare.no/#post22

Portrett bilder av jentene

Mine bilderPosted by Camilla Sun, February 01, 2009 15:58:20
Minste tulla






Mellomste tulla





Etter litt kjapp photoshopping




  • Comments(0)http://urterier.det-rare.no/#post21

Minste tulla

Mine bilderPosted by Camilla Sun, January 25, 2009 14:07:01
Minste tulla begynner å bli stor !




  • Comments(0)http://urterier.det-rare.no/#post20

Paris bilder

Mine bilderPosted by Camilla Sun, January 18, 2009 22:18:28

Julepresangen frå min kjære var ein lang weekend i Paris. Så i midten av januar satte me oss på flyet. Uten unger, berre oss to i 4 dager. Det var merkelig rart. Me snudde oss for å ropa på ungane, såg store lastebiler og skulle til å rope på Odin. Men han var jo ikkje der. Det var litt rart. Men så var det litt deilig og. 

Og som forventa så blir det ein del bilder når eg blir plassert i ein slik by, med så masse av alt mulig. Om nokre veker har eg kanskje klart å fordøye alt som me såg. 

Først nokre bilder frå båtturen som me tok første kvelden. Det var himla kaldt, men ein fin måte å få sett litt av Paris på. Turen rundt på Seinen tok vel litt over 1 time.

Bilde ned mot båten som me tok.

Ein av dei mangen andre båtane som var ute på tur.

Pynt på ein av broene. Var slike dekorasjoner overalt på dei. 

NOTRE DAME

Eg blei berre gåande å knipse og sjå. Det er så masse utsmykkinger på denne katedralen og ganske rart å faktisk vera der. Dei store glassmalerien i vinduene, høgden under taket, storleiken på Katedralen. Berre vera der og prøve å ta inn alle inntrykka.

Over inngangsdørene var det slike hvelvinger. Med eit ukjent antall små figurar som var hogd ut.

Denne lille karen sto og holdt oppe ein av dei store figurane ved inngangsdøra.

Ein av mangen mangen vakre vinduer inne i katedralen.

Ein modell av Notre Dame

Eg bøyde meg bakover så godt eg kunne og prøvde å ta bilde oppover, for å få fram kor høgt og stort det igrunn er.

Ein av side vinduene.

Nedover sidegangen. Mannen blei vist med på bildet og. Dette er sånn ca midt i katedralen. 

Deira lille kirkeorgel. I alle fall det som var synlig.

Me satte oss ned midt i og tok bilde fram mot alteret.

Ho her drar de kanskje kjensel på ?

Så måtte me bort til Eiffeltårnet. Det er litt høgt kan ein sei.

Her satt eg på ein benk foran tårnet og lente meg bakover. Bjarne måtte holda bak meg, for eg tippa vist litt. He he

Ein blir litt trøtt av all tråkkinga og inntrykka

Så var det Triumfbuen som fekk eit besøk. Igjen står eg foran og tar bilde oppover.

Taket i buen

Åhh Camps Elysees, tra la la la

Nedover mot den "nye triumfbuen"

Litt utsmykkinger på triumfbuen

Og då skal eg gje meg. I denne omgang i alle fall. Har sett at Bjarne har tatt nokre fine bilder og, så eg kjem nok til å legga nokre av dei ut og.

  • Comments(2)http://urterier.det-rare.no/#post19

Vinterbilder

Mine bilderPosted by Camilla Sun, January 04, 2009 22:17:04

Eg måtte jo såklart knipse litt vinterbilder av natur og då.

Blog Image

Blog Image

Blog Image

Blog Image

Blog Image

Blog Image

Blog Image

Blog Image

Blog Image

Blog Image

Blog Image

  • Comments(0)http://urterier.det-rare.no/#post18

Vinterdag

Ungane sin kvardagPosted by Camilla Sun, January 04, 2009 22:01:41

I nydelig vintervær og mangen minus grader stakk me ut. Trenger ikkje å ta så lange turen for å ha det gøy vel. Nede i hagen har me laga til ein liten bålplass. I dag var det pinnebrød som sto på menyen.

Blog Image

Blog ImageLitt skeptisk. Kvifor kan ein ikkje få eta dette med ein gong då ?

Blog Image

Blog ImageDette tok TIIIIID

Blog ImageBlog Image

Litt svidd skal dei vel vera ?

Blog Image

Blog Image

Blog Image

Blog Image

  • Comments(0)http://urterier.det-rare.no/#post17

1 juledags kos

Ungane sin kvardagPosted by Camilla Fri, December 26, 2008 11:32:20

Så var julekvelden over og ungane har fått litt av kvart. For minste tulla var det to ting som virkelig fall i smak. Stolen frå mormor og morfar og bamsen frå onkel. Stolen er ein skikkelig mini stressless. 

Blog Image

Blog Image

Blog ImageBlog Image

  • Comments(0)http://urterier.det-rare.no/#post16
Next »